Meny pilegrimsleden.no

Kystpilegrimer ankommer Nidaros

Biskop Herborg Finnset og Pilegrimsprest Einar Vegge tok imot kystpilegrimene som har seilt fra Egersund til Trondheim for å markere åpningen av den nye pilegrimsleden.

Kystpilegrimsleia byr på mange og store kontrastar. Havet i storm og stille. Voldsomme krefter. Stupbratte fjellsider i frådande skumsprøyt. Lune viker med blankslitte svaberg. Det barske og spektakulære. Stille susing og mjuke bøleskvulp. Havørn. Fiskestim.

Leia startar i Egersund og følgjer kysten av Norge til Trondheim og Nidaros. Heilage stader og kulturminne ligg som perler på ei snor langs leia og fortel ei viktig historie om kystkultur, levekår og kristninga av landet vårt. Vi møter helgenar og legender, kristningskongane Håkon den gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson, tingstader, gamle steinkors, kyrkjer m.m. Vi får ta del i historia som har vore med å forma oss og folket vårt dei siste tusen år.