Meny pilegrimsleden.no

Offisiell åpning av Kystpilegrimsleia

Åpningsseilasen fra Egersund til Trondheim nådde Norges døpesten "Kulisteinen" på Smøla lørdag 23. juni. Samlingen rundt Kulisteinen ga en naturlig ramme rundt den offisielle åpningen av Kystpilegrimsleia.

Å reise pilegrim i Norge er meir enn ei reise gjennom Norden si historie, europeisk tradisjon og norsk kultur. Det er også ei heilt personlig oppleving.

Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros, som var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537. Mest sannsynleg vart pilegrimsreiser med utgangpunkt frå stader langs Vestlandskysten føreteke langs kystleia.

I følgje Adam av Bremen føretrakk pilegrimar sjøvegen, i iallfall når dei kom frå Danmark eller Nord – Tyskland;

"Viss ein seglar frå Ålborg eller Vendsyssel i Danmark, kjem ein i løpet av ein dag over til Viken, som er ein by i Noreg (truleg Oslo). Derfrå held ein til venstre og seglar langs Noregs kyst, og på den femte dagen når ein fram til byen Trondheim. Ein kan også reise ein anna eg, som fører frå danskane sitt Skåne over land til Trondheim. Men denne vegen over fjella tek lengre tid, og ettersom han er faregull, blir han unngått av reisande" ( Kjelde: Adam av Bremen, år 1075)

Det var raskare å ferdast i båt enn på land. I mellomalderen nytta ein seg av naturlege hamner langs leia, og ved dei viktigaste hamnene vart det montert fortøyingsanordningar som skipa kunne fortøyast i. Dei fleste sjøfarande pilegrimar hadde ikkje eigne skip, og heller ikkje råd til å betale for seg, så det var derfor vanleg å hyre seg som mannskap.