Meny pilegrimsleden.no

Frivillighetens skjøtsel av Pilegrimsleden

Å vera pilegrim er noko vi kjenner til frå vår katolske fortid, frå moderne katolsk skikk, frå muslimske valfartar til hellige Mekka – eller moderne grønt reiseliv.

For alle er det ei vandring i eit landskap mot eit fjernt mål, eller ei vandring der vandringa i seg sjølv er målet. Nokre går for personleg kontemplasjon, billeg og sunn ferie eller andre går stuttare strekningar for å bli kjent i eige nærområde.

For at alle desse skal kunne gå, må nokon gjera ein jobb i forkant med å rydde og merke leia, ha tilsyn gjennom sesongen og gjera årleg vedlikehald. Gjennom Gudbrandsdalen går den store leia, Gudbrandsdalsleia, med fem pilegrimssenter i eit nasjonalt nettverk. Desse skal fasilitere mykje langs leia for vandrarane. Dei treng mange og gode samarbeidspartar. Difor er dugnadsgjengane særleg viktige for satsinga.

I Ringebu kommune – midt i Gudbrandsdalen, frå Mageli i sør til Bersveinhølen i nord, er det Ringebu Rotary som er ansvarleg for vedlikehald av leia, til saman 32 km. For arbeidet får klubben dekka ca. 20 t. arbeid frå Ringebu kommune (som får refundert 50 % frå Oppland fylkeskommune) og utgifter til materiell etter avtale. Merkemateriell får vi frå pilegrimssentret Dale-Gudbrand, både stolpar, klistremerke og hengemerke.

Arbeidet for klubben starta i 2003, og hadde 10-års jubileum i 2013. Det er ikkje få timar som klubben sine medlemmar har hatt langs leden! I tillegg til den vanlege skjøtselen og ettersynet, har Rotary dugnadar når det er særskilte ting som skal gjerast som krev meir arbeidskraft. Her kan alle vera med og bidra på sin måte, og så har gjengen ein triveleg kafferast etterpå.

Rotary Ringebu har dei siste to åra, i tillegg til vanleg skjøtsel, hatt to veldig interessante dugnadar langs leia. Ved den gamle husmannsplassen Bjørgevangen sør i kommunen hadde den bratte grasbakken sklidd ut og stigen var farleg å gå, særleg i vått ver. Her vart det skaffa jernstenger som vart slått ned i bakken og kraftige bord vart hekta saman og lagt mot jernstengene. Så vart det grovi ut jord og torv frå bakken innanfor og fylt opp til ein fin ¾ meter brei sti godt forankra i den bratte hellinga. Etterpå var det kvile med servering og kaffeprat, den gongen var det kake, lun rabrabradrikk og kaffe i kveldssola.

Den andre dugnaden var eigentleg for klubben sin eige del. Rotary ville ha opp eit skilt som fortel at det er Ringebu Rotary som har ansvaret for vedlikehaldet for leia gjennom kommunen. Eit flott skilt vart bestilt med rotaryhjulet og tekst, alt godkjent av Oppland fylkeskommune sin pilegrimsansvarlege, i tråd med vedteken nasjonal skiltplan for pilegrimsleia. Stativet var laga av GIAX, ei verna bedrift i dalen. Det vart beslutta at skiltet skulle stå øvst i Elstadkleiva, ved Høgbakken, der pilegrimsleia og den gamle kongevegen går i eit skard mellom den gamle vardehøgda og bygdeborga frå folkevandringstida, høgt heva over dalbotn.

Klubbmedlemmane møtte opp ein julikveld med spett og spade, sterke og svakare ryggar i godt samspel. Skiltet vart grovi forskrifts messig ned i bakken. Etter høgtidleg avduking var det ein kafferast med god samtale og historier utpå pynten ved stupet ned mot moderne E-6, i fin kveldssol.

Klubben har gjennom mange år vist stor interesse for lokalhistorie. Det er ein fin kombinasjon for Rotaryklubben, ein får lære meir om området si historie og blir betre kjent i lokalsamfunnet. Dette er nyttig både for dei som har vokse opp i bygda, og dei som har flytta hit. Langs vegen ned frå Høgkleiva etter siste dugnad var det ein som fortalde om bestefar sin, bygdesmeden, som voks opp i Elstadkleiva øvre, om husmannsplassar som i dag berre er attvakse steinrøyser og om Rettarstadbakkan, den lokale avrettingsstaden som vi passerte.

Klubben føler at dette er ein meiningsfylt samfunnsinnsats i nærområdet, og høver godt inn i klubben sin målsetting om å tene samfunnet. I tillegg er det veldig sosialt og triveleg for medlemmane. Men ein merkar og at ein utviklar eit ansvar for dei som går leia, og på klubbmøta om sommaren, så refererast det ofte frå daglege samtalar med framande som har gått langs leia. Nokon talar norsk, spansk eller engelsk, eller berre kommunikasjon med teiknspråk.

Desse samtalane er gjev gode innspel på utbetringar av skilting, vegfar etc. og er med og gjer som medlemmane rikare på impulsar i ein global kontekst.

Alle foto: Torveig Dahl, Rotary Ringebu

Et svært viktig arbeid utøves av Ringebu Rotaryklubb i Gudbrandsdalen. Foto: Torveig Dahl, Rotary Ringebu